| |

Feriespelet 2013

Årets feriespel er over, og Paradis skolekorps var godt representert. Åtte unge lovande var med, to i korpset for dei eldste, tre i korpset for dei mellomste og tre i korpset for dei yngste!

Gjengen frå PSK
Gjengen frå PSK

Dei eldste starta ein dag før dei andre, men fredag ettermiddag var alle på plass. Etter velkomstkonsert og nokre timar øving var det leik og fotball, underhaldning og kiosk. Naturlegvis.

Laurdag var det meir speling og spontankonsert i Knarvik senter. Dei yngste var solistar på «Funky kidz» saman med dei eldste. På ettermiddag og kveld var det grilling, leik, rebusløp, festkonsert og disko. Veldig god stemning!

Søndag vart avslutta med konsert for foreldra og tradisjonen tru vart det heile avslutta med «The Circle of Life» som fellesnummer!

Takk til Eikanger – Bjørsvik Musikklag som arrangerer denne «minileiren» for 16. år på rad!

Vi kjem nok igjen til neste år, og kanskje blir vi endå fleire for dette var GØY!

Her er opptak frå Feriespelquizen, der åtte poplåter er satt saman av Erlend Gjersvoll til ein medley framført av ein EBML-tenpiece. Kor mange klarer du?

Her er fotoalbum frå helga på Eikanger-Bjørsvik si facebookside.

Les meir om feriespelet frå i fjor

Similar Posts

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *